Har du eit skarpt blikk mot horisonten og beina planta på jorda – då kan karriera di ta av hos oss.
Me har ledig 50% vikariat som trafikkassistent/sikkerhetskontrollør.

Jobben består m.a av fylgjande oppgåver:

 

  • Sikkerheitskontrollør
  • Innsjekk av passasjerar og bagasje
  • Betjening av resepsjonen
  • Billettsal
  • Oppfølging av tapt og skada bagasje

    Kvalifikasjonar:
  • Gjennomført og bestått vidaregåande skule
  • Språk: minimum norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
  • Gode datakunnskapar (ein fordel om du er god på sosiale media)
  • Gode haldningar og samarbeidsevner
  • Uttømmande politiattest
  • Fint om du har vektarkompetanse. Me vil tilby deg opplæring og nødvendig kurs for å verta godkjent sikkerheitskontrollør.

    Om deg:

    Du er fleksibel, har stå på vilje og gode samarbeidseigenskaper, samstundes som du evner å arbeida sjølvstendig. Den som vert tilsett forpliktar seg til å gjennomføra kurs og anna opplæring som Sunnhordland lufthavn AS meiner er naudsynt for stillinga.

    Løn og tilsetjing:

    Løn etter avtale. Skifttillegg vert utbetalt etter gjeldande satsar. Pensjonsordning.
    Det er 6 månaders prøvetid i stillinga. Tiltreding: snarast mogleg Arbeidstid: skiftarbeid i.h.t. arbeidsplan.

    Sunnhordland Lufthavn AS tilbyr ein interessant og allsidig jobb. Me ynskjer mangfald i selskapet med tanke på kjønn, alder og kulturell bakgrunn.

    Utfyllande opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til:

    Cecilie Wiik tlf. 450 65 351
    Søknad med CV kan sendes til cw@stordlufthamn.no innan 24.09.2024.
Stikkord :
Del innlegg :